Hopp til innhold

13.05.2025

Ei helsing til Spkl. Rollon frå nedst ved bordet her i Sør-Sudan

Det siste året har eg hatt den meiningsfulle oppgåva å arbeide for FN her i Sør-Sudan. Før påske kom ei omtenksam mor i Rollon med to heile draksett som eg kunne ta med meg i bagasjen. Årsaka var visstnok ei mindre endring på sponsorsida, eit klistremerke altså, men den velkjende logoen til Sparebanken Møre er med vidare, og den gjer seg like godt i tropene som i Larsgården.